Skriv ut
blank blank
Studiespesialisering

Matematikk1"....Utdanningsprogrammet for studiespesialisering er hovudsakleg ei teoretisk utdanning som skal førebu eleven til universitets- og høgskulestudium. Studieretninga fører fram til generell og/ eller spesiell studiekompetanse...."

Generell informasjon:
Når du byrjer i vg1, må skulen få vite kva for 2. framandspråk (spansk, tysk, fransk) du skal ha og på kva nivå. Du må óg velje mellom teoretisk eller praktisk matematikk. I løpet av dei første 2-3 vekene på skulen vil du få orientering og råd om kva du bør velje.

Ein har i gjennomsnitt 30 timar i veka kvart år og ein skil mellom fellesfag og programfag. Fellesfaga er dei faga som er obligatorisk for alle. Programfaga er dei fordjupingsfaga ein vel det andre og tredje året. På vg1 er alle faga felles.  På vg2 og vg3 vel ein programfag i tillegg til dei obligatoriske fellesfaga. Ein skal velje minst 15 timar programfag 2. og 3.året

På vår skule kan du velje mellom 2 fordjupingsprogram:
* realfag
* språkfag, samfunnsfag og økonomi.

Fellesfag:
Norsk går over alle tre åra og har til saman 14 veketimar. Kroppsøving er óg eit felles obligatorisk fag alle 3 åra med 2 timar i veka. 2.framandspråk (tysk, fransk, spansk) går over dei to første åra med 4 timar kvart år. Det same gjer matematikk, men her er timefordelinga 5 timar første året og 3 timar andre året. Engelskfaget er eit obligatorisk fellesfag berre det første året, men kan veljast som programfag 2. og 3.året. Naturfag, samfunnslære og geografi blir óg avslutta det første året.

Programfag:
1STEin må velje minimum 10 timar i veka kvart år innan same programområde. Det betyr at ein t.d. må ha minimum 10 timar samfunnsfag/økonomi kvart år om ein vel dette programområdet. Dei resterande timane kan ein velje frå eit anna programområde. Men all fordjuping løner seg, og tar du realfag får du ekstrapoeng ved inntak til universitet og høgskule. Rådgjevarane våre kan gje deg meir informasjon om dette.

Timefordeling:
VG1:
Fellesfag 30 timar/veke


Norsk 4
Matematikk 5
Naturfag 5
Engelsk 5
2. framandspråk 4
Samfunnsfag 3
Geografi 2
Kroppsøving 2
VG2:
Fellesfag 15 timar/veke
Norsk 4
Matematikk 3
2. framandspråk 4
Historie 2
Kroppsøving 2
Felles programfag 10
Valfrie programfag 5
VG3:
Fellesfag 15 timar/veke

Norsk 6
Historie 4
Religion og etikk 3
Kroppsøving 2
Felles programfag 10
Valfrie programfag
5

 

 

 

 

 

 matematikk4Programfag i språk-, samfunnsfag og økonomiske fag:
* Engelsk
* Fransk
* Spansk
* Tysk
* Media
* Næringslivsøkonomi
* Samfunnsfag
* Rettslære
* Samfunnsøkonomi

Programfag i realfag:
* Biologi
* Fysikk
* Kjemi
* Matematikk
* Informasjonsteknologi

Valfrie programfag:
* Breddeidrett
* Musikk

 

 

3pomUtveksling:
Om ein ynskjer eit litt alternativt skuleår i vg2, er utveksling ein god måte å få til det. Ein må søkje på eit program gjennom ein utvekslingsorganisasjon (AFS...) og ein må søkje skulen om førebels godkjenning av året i utlandet. Dette er viktig! Ein må søkje inntak til vg2, men takke nei til tilbodet. Skulen ordnar "øyremerkt" plass i vg3 på bakgrunn av godkjenningssøknaden. Ein må óg velje programfag for vg2 og vg3 før ein reiser.

For å få godkjent året i utlandet, må ein ha dokumentasjon på å ha følgt fag i eit fullt skuleår i utlandet og bestått opplæring. Denne opplæringa skal vere på same nivå som vg2, med hovudvekt på fag frå studiespesialiserande utdanningsprogram vg2. Opplæringa må innehalde fag ein kan byggje vidare på i vg3, slik at krava til fordjuping kan oppfyllast.





Tilbake
Ansvarleg redaktør: Knut Chr. Clausen © Flora vidaregåande skule 2008