Internasjonalisering er nemnt i alle læreplanar, og vi har i fleire år prøvd å få temaet inn i skulekvardagen, anten i ulike prosjekt eller i samband med reiser.
...Skulen vår er på mange måtar internasjonal. ...
Vi har elevar frå 20 ulike land, nokre er fastbuande her i kommunen, andre er utvekslingselevar.
Kvart år har vi òg mange som reiser på utveksling til andre land og kontinent.
Dette er veldig positivt for skulemiljøet, og i samband med internasjonal veke i oktober, fekk vi mange prov på kva desse elevane kan bidra med.
Prosjekt Malawi.
Elevrådet i samarbeid med lærarane og skuleleiinga har gått inn for å rette solidaritetsarbeidet ved skulen mot Malawi.
Dette er eit samarbeidsprosjekt med Flora kommune og Øyrane vgs i Førde.
2 elevar og 1 lærar/avd. leiar var i Malawi hausten 2005 og det vart skrive ein intensjonsavtale med samarbeidsskulen i Nkhotakota.
Eit av måla for Flora vgs er å skaffe pengar som kan gå til stipend for elevar ved Nkhotakota Secondary School for på den måten å gjere det mogeleg for nokre ungdommar å skaffe seg ei utdanning.
I mars vert det ein internasjonal dag og ein solidaritetsdag. Då skal elevane jobbe for å skaffe pengar til oppgåver i Nkhotakota.
Prosjekt Kelme.
Vi held fram med samarbeidet med Kelme professional training centre.
Tidlegare har ein VKII- klasse i IKT vore der og installert datamaskiner med tilgang til internett.
Våren 2006 planlegg ein VKI –klasse i IKT å reise dit på skuletur. Dei vil samstundes nytte høve til å installere ny programvare på maskinene i Kelme, og evt. installere nye maskiner og anna aktuelt utstyr.
Dette prosjektet har vore i samarbeid med rotaryklubben i Florø og vi reknar med eit vidare samarbeid med dei.
Vi planlegg også ein skuletur til Kelme for VKI-klassen i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Klassen ønskjer å få innblikk i korleis barneheimar fungerer, og skulen ser på dette som eit viktig ledd i internasjonal forståing og toleranse.
Vi trur at eit slikt besøk òg kan resultere i eit aktivt solidaritetsarbeid.
Elevutveksling.
Frå 1997 har skulen hatt eit tett samarbeid med Osterlandgymnasium i Thüringen.
Vi har hatt fleire grupper med i elevutveksling.
Hausten 2005 var 24 elevar frå Tyskland her i ei veke. Ei slik utveksling er både travel og spennande for dei som deltar.
Vi har fleire elevar som viser stort engasjement i dette prosjektet, og vi håper at det blir ei gruppe som reiser til Gera til våren.
Skuleturar til andre land
Sidan 1982 har vi òg prøvd å organisere ein utanlandstur for elevar i 3. klasse, og dei siste åra har dette vore eit fast innslag. Turane har gått til Frankrike, Tsjekkia, Tyskland, England og Portugal, og programmet på turane er knytta opp til mål i læreplanane.