8 viktige spørsmål du treng svar på med ein gong:
- Kven er kontaktlæraren din? Det får du vite første skuledag.
- Kven er faglærarane dine? Det finn du ved å sjå på timeplanen din. Der står dei med namnekodar. Forklaringar finn du nedst på timeplanen din.
- Korleis ser timeplanen din ut? Timeplanen viser timane dine for 2 veker. Du har studiedag kvar annan fredag. Difor er timane dine fordelt ovar 9 dagar (5 i første veka og 4 i den andre). Det er difor timeplanen din ikkje er lik kvar veke.
- Kor vendar eg meg for å skaffe meg skulebøker? Faglærar tek alle elevane sine med til skulebiblioteket der du får bøkene dine.
- Korleis får eg datapåloggingar? Du får pålogging til nettverk, trådlaust nett, Fronter, e-post og aktuelle nettbaserte læringressursar av kontaktlærar i løpet av dei første dagane.
- Korleis skaffar eg meg skysskort? Du må vende deg til kontoret.
- Korleis søkjer eg Lånekassen om stipend/lån? Du må vende deg til kontoret.
- Kven gir eg melding til når eg ikkje kjem på skulen? Du kan gjere dette på fleire måtar. Anten ved å sende ei tekstmelding til kontaktlæraren din, eller ved å ringe skulen 57757900.
- Eg går på VG1 - og skal leige eller nytte eigen datamaskin. Du får informasjon av kontaktlæraren din ved skulestart.
Hugs at du kan spørje kontaktlæraren din om ALT. Om du ikkje spør kontaktlæraren kan du spørje:
- Sosialpedagogisk rådgjevar Tone Erdal om alt om trivsel og helse
- Helsesøster Norunn Midthjell om spørsmål om helse.
- Yrkesrettleiar Øystein Garfors om alt som har med studierettleiing å gjere
- Kontorpersonalet i respesjonen om søknadsskjema, svar og hodepinetablettar
I det faglege arbeidet ditt MÅ du først vende deg til den einskilde faglærarane dine. Om dei ikkje kan hjelpe deg med spørsmål om fag og læringsmiljøet ditt, kan du spørje kontaktlæraren din om råd.