"...produksjon og distribusjon av elektrisk energi, system for tele- og datakommunikasjon og ei rekke elektriske apparat.."
Både i heimen og på arbeidsplassen ventar ein at ein har system for produksjon og distribusjon av
elektrisk energi, system for tele- og datakommunikasjon og ei rekke elektriske apparat som fungerer godt og som ein kan lite på. Innføringa av ny teknologi har medført at elektrofaga er i ei rivande teknologisk utvikling, som stiller krav til systemforståing og endringsberedskap.
Generell informasjon Vg1 Elektrofag:
Opplæringa på Vg1 elektrofag legg vekt på innsikt, oppleving, refleksjon og bevisste val knyta til dei elektriske systema. Her vil tryggleiksforståing og grunnleggjande forståing for lover, forskrifter og normer vere avgjerande. Opplæringa fremjar dugleik i kommunikasjon i forhold til faglege spørsmål, serviceorientering og evne til sjølvstende så vel som samarbeid. Nøyaktigheit, kreativitet og løysingsorientering i utføringa av arbeidet er andre sentrale faktorar. Opparbeiding av grunnleggjande planleggingskompetanse, systemforståing og utvikling av læringsstrategiar vil være eit godt grunnlag for vidare fordjuping og spesialisering på Vg2.
Fag- og timefordeling:
Fellesfag (12 timar/veke)
* Norsk 2 timar/veke
* Engelsk 3 timar/veke
* Matematikk 3 timar/veke
* Naturfag 2 timar/veke
* Kroppsøving 2 timar/veke
Felles programfag (17 timar/veke)
* Elektriske, elektroniske og automatiserte system
* Prosjekt til fordjuping 6 timar/veke
Elektriske, elektroniske og automatiserte system
Innanfor hovudområdet elektriske, elektroniske og automatiserte system finn ein elektriske installasjonssystem, automatiserte system, kommunikasjonssystem og forbrukarelektroniske system. Som ein del av arbeidet med dei ulike systema innarbeider ein el-tryggleik, kvalitetssikring og internkontroll. Integrert i hovudområdet inngår også nødvendig mekanisk arbeid, måleteknikk og berekningar og dessutan kjennskap til grunnleggjande elektriske omgrep og digitale verktøy som blir nytta i ulike fasar av arbeidet med faget.
Prosjekt til fordjuping 6 timar/veke
Prosjekt til fordjuping skal gi moglegheit til fordjuping i ønska lærefag eller moglegheit for breiare kompetanse innanfor valt utdanningsprogram på VG1 og valt programområde på VG2
Vegen vidare:
Vg1 Elektrofag gir grunnlag for å søkje Vg2 i programområda Automatisering, Data og elektronikk, Elektroenergi, Fly eller Kulde.