MARKERTE SEG I NM: Eit felles lag frå Sogn og Fjordane samansett av elevar frå Flora, Hafstad og Øyrane vidaregåande skule, gjorde det i helga godt i NM i gründercamp i Trondheim.
Laget frå Sogn og Fjordane gjorde det skarpt i konkurransen og enda til slutt opp blant dei 6 beste av totalt 27 deltakande lag. Ideen deira gjekk ut på å gjere all energi som vert produsert av treningsapparat om til elektrisk straum.
Gruppa førebudde seg godt, brukte alle dei 24 timane i døgnet, laga ein god forretningsplan og vart plukka ut til finaleheatet. Dette innebar også at dei måtte fram å presentere ideen sin for juryen, leiinga i Ungt Entreprenørskap nasjonalt og for alle dei andre deltakarane på campen.
Vinnaren kom frå Sør Trøndelag og hadde ein idé om eit energieffetivt hus.
Arrangementet er i regi av Ungt Entreprenørskap i samarbeid med ENOVA og har fokus på fornybar energi og løysingar for å effektivisere energibruken. Arrangementet gjekk av stabelen 27 - 29 januar i Trondheim.