Når du startar på skulen og for kvart år, må du signere ein låneavtale. Er du under 18 år, må også føresette underteikne. Du kan då låne lærebøker gratis. Du er sjølv ansvarleg for det du har lånt. Om du mistar eller øydelegg noko, må du erstatte det. Alt materiale som ein tek ut av biblioteket må registrerast.