Hopp til hovedinnhold

Forretningsutviklar - lokalt solenergiselskap i Malawi

Søknadsfrist 30.10.23

Om stillinga

Flora Vidaregåande Skule har siden 2012 samrbeidd med den Malawiske NGO-en Youth Code, som driv med både yrkesfagsopplæring og kulturarbeid. Som eit resultat av dette samarbeidet har solenergiselskapet Kumudzi Kuwale Limited blitt etablert og vakse frem til ein nasjonal aktør innan fornybar energi i Malawi. Gjennom Norec (tidlegare Fredskorpset) får selskapet finansiert ei stilling som forretningsutvikler i solenergiselskapet. Link til selskapets nettside: https://kumudzikuwale.com/

Kumudzi Kuwale betyr «Bringing Light to the Villages» på Chichewa, det mest talte språket i Malawi, og er et sosialt profittselskap. Selskapet vart registrert i august 2013. Det som starta som eit prosjekt for solenergi og fornybar energi i 2013, har raskt vakse til en nasjonal aktør innan fornybar energi i Malawi.  Selskapet leverer rimeleg straum og lys til den fattigaste delen av Malawi si befolkning gjennom sine tre forretningseiningar for solenergi; installasjonar, ladestasjonar og ein butikk. I tillegg har Kumudzi Kuwale Limited en forretningseining for vannbrønnar, der dei tek sikte på å gi tilgang til reint og påliteleg vann til befolkninga.

Arbeidsoppgåver

For å understøtte dette gode arbeidet søker vi etter ein forretningsutviklar/ business developer til eit årsengasjement med oppstart i februar 2024 som del av NOREC sitt utvekslingsprogram. 
Arbeidsoppgåver:

  • Utvikle og implementere selskapets forretningsstrategi i samarbeid med leiing og styret.
  • Identifisere nye moglegheiter og marknadar for selskapet.
  • Delta aktivt i selskapets styrearbeid ved å gi innsikt og råd om strategisk retning, risikostyring og målstyring. Sentralt i dette er rapportering til styret.
  • Bygge relasjonar med nøkkelinteressentar, inkludert partnarar, kundar og myndigheiter.
  • Sikre økonomisk berekraft i forretningsmodellane.
  • Arbeide for å styrke samarbeidet mellom KKL og YouthCode.

Her finner du:

Lenke til annonse