Vi ynskjer 10. klasse-elevane velkomne til hospitering ved Flora vgs.
Oppmøte er før kl 8.45 i aulaen ved hoveinngangen. De vert henta der og sendt vidare til avdelingane av Draumeskuleelevane våre. Skuledagane er ferdig til kl.14 for hospitantane.
Mandag får alle hospitantar ein godmorgon yougurt. Mat må de elles ta med, eller kjøpe i kantina.
Elevar som skal hospitere på idrettsfag må ta med eller stille i treningstøy begge dagar.
Skrivesaker/Ipad/PC kan vere greitt å ha med på dei fleste studieretningar.
Dei som skal på verkstadane bør ikkje kle seg i det finaste tøyet dei har.
Ta med godt humør og innsatsvilje. Les gjerne litt om programområdet du skal hospitere på før du kjem 😊
Ta kontakt med rådgjevar Tone Erdal dersom de har spørsmål til hospiteringa.
Kontaktinfo: tone.berqvam.erdal@vlfk.no tlf 41530680
Informasjon om tilbodet vårt :
Her på heimesida vår kan de lese meir om dei ulike studietilboda vår. Vi har og instagram, facebook og snapchatkonto som interesserte elevar gjerne kan følgje.
Tilbodet på hospitering:
Studiespesialisering (realfag og språk/økonomi/samfunnsfag).
Her får du innsyn i korleis kvardagen er for dei som seinare tek sikte på ei utdanning på høgskule eller universitet. Det er hovudsakleg lagt opp til teoretisk undervisning.
Sal, service og reiseliv
Dette er ei linje kor du har ein god del teori, men teori som er knytt mot praksis. Mellom anna har dei arbeidspraksis ein dag i veka både på vg1 og vg2. Du lærer til dømes om korleis du skal kommunisere godt med kundar, sette opp enkle rekneskap og budsjett. Vi lager reklame og utstillingar. Du får vite om kva praksis som er mogleg innanfor linja.
Helse og oppvekst. Barn og ungdom + helsearbeidarfaget.
Du vil få innblikk i begge linjene Flora vgs tilbyr på vg2 (Barn og ungdom + helsefagarbeider). Det vert lagt opp til praktiske øvingar, i tillegg til at du får lære relevant teori om t.d. kosthald, pedagogikk og om anatomi (læra om kroppen).
Elektro og datateknologi
På elektro vil du få innblikk i enkel teori slik at du skal unngå t.d. støt eller andre farlege situasjonar;-) Det vert lagt opp til arbeidsstasjonar slik at du får prøve deg som elektrikar, automatikar, du får lodde og kople.
Bygg og anleggsteknikk
Byggfag vil i all hovudsak legge opp til praktiske øvingar innan tømring, røyrlegging og ventilasjon. Du vil også lære om andre moglegheiter innan denne linja og kva som skal til for å bli ein god fagarbeidar.
Idrettsfag.
I tillegg må du hugse at dette er ei linje som gjev studiespesialisering - så du vil også få informasjon og undervisning om/i programfag. Du vil også få innblikk i dei teoretiske idrettsfaga som t.d. treningslære. Her må du sjølvsagt ha med treningstøy begge dagane.
Teknikk og industrifag
Ei linje som gjev moglegheit til fagbrev i over 60 fag! Vi kan sjølvsagt ikkje gi deg innblikk i alle desse, men vil rette praktiske øvingar opp til dei faga som gjev flest moglegheiter lokalt. Ein får for eksempel prøve sveising. Flora vgs tilbyr vg2 kurs i industriteknikk