Hopp til hovedinnhold

Trafikktryggingskampanje retta mot unge i Vestland

Kons på å køyre

Vestland fylkeskommune har i samarbeid med Trygg Trafikk utvikla ein digital trafikktryggingskampanje retta mot unge i Vestland. Tema for kampanjen er manglande merksemd i trafikken, og målgruppa er elevane ved dei vidaregåande skulane i fylket. Over fire veker vil fokuset vere Kons på å køyre, Kons på å sjå, Kons på å høyre og Kons på å konse.