Erasmus+: Yrkespraksis for elevar
Elevar i Helsearbeidarfag og Sal, service og reiseliv har moglegheit til å ha ein praksisperiode i bedrift i utlandet i regi av Erasmus+. Helsearbeidarfag har 3 veker i Dublin og Sal, service og reiseliv hadde skuleåret 23/24 to veker på Malta. Gjennom opphaldet får elevane styrka engelskkunnskapane sine, kunnskap om kultur og arbeidsliv i eit anna land og utvida innsikt i yrket i internasjonalt perspektiv. Internasjonalisering og det å kunne setje seg inn i andre måtar å sjå verda på, er eit viktig mål for utdanninga på vgs. Dei elevane som har fått reise, har hatt god nytte av opphaldet i etterid.
Elevane får dekt reise og opphald gjennom Erasmus+-midlar. Dei bur i vertsfamiliar og det er med ein lærar på heile turen.