Ungdomsbedrift:
Ungdomsbedrift bygger på prinsippet om å lære gjennom å gjere. I løpet av skuleåret vil elevane som er med på dette bruke ulike fagkunnskapar på ein praktisk måte og få erfaring frå å drive ei bedrift. Flora vgs har hatt ungdomsbedrifter med i NM 5 gonger dei siste 10 åra. Nedanfor kan du lese om årets ungdomsbedrifter.
Prosjekt Malawi UB:
Prosjekt Malawi UB er ei ungdomsbedrift som står ansvarleg for å organisere internasjonal dag og aksjonsdag. Dei er også med på å bestemme korleis skulen skal bruke desse pengane inn mot sine partnarar i Malawi og Uganda. Det er viktig for Flora vgs at elevane tek del i det internasjonale arbeidet. Medlemmene i Prosjekt Malawi er også kopla opp mot både Norec samarbeidet og Building skills for jobs. Ungdomsbedrifta vart starta første gang i 2010. Ansvarleg lærar er Trond Ole Hjorthaug, Mentor er Torgeir Halvorsen.