Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje elektro og datateknologi
Ute etter spenning? Er du praktisk anlagt og nysgjerrig på elektrisk utstyr og elektroniske system? Velger du elektrofag kan du tre inn i ein spennande verden som opner ein straum av moglegheter. Du må ha evnen til å arbeide nøyaktig, systematisk og trygt.
Flora vgs. har to klassar på Vg1 elektro med 12 elevar i kvar klasse, og ein klasse på Vg2 innan elenergi. Skulen har erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. Dette gjer elevane godt førebudde til å møte næringslivet, og ein får store moglegheiter for å vise seg fram til ein potensiell arbeidsgjevar.Elektrofag gjev mange moglegheiter fram mot spanande yrkesval. Nesten alt vi omgjev oss med til dagleg er avhengig av straum for å fungere. Det vil difor alltid vere behov for elektrofagfolk for eksempel i straumforsyning, bustadar, industri, fly, skip, tog, kjøretøy, osv.