Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje helse- og oppvekstfag...
Fordi på helse- og oppvekst får du engasjerte og oppdaterte lærare som ynskjer at du skal mestre og lykkast på skulen. Det er kreativ og variert undervisning og arbeidsmetodar.
Dette er fag der du jobbar og kommuniserer med menneske. Helse- og oppvekst har eit stort antall søkerar og utdannar folk som fyller ei viktig rolle i samfunnet. Flora vgs har to vg1-klassar på helse- og oppvekstfag med 15 elevar pr klasse. Du startar med arbeidspraksis allereie på vg1 slik at du får eit best mogleg grunnlag for å finne ut kva hovudområde du ønskjer å ta fagbrev innan.
På vg2 kan du velje mellom helsefagarbeidar og barn- og ungdom, også her er det 15 elevar pr klassen. Du får mykje praksisarbeid og tid i utplassering.