Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.
Kvifor velje idrettsfag...
Fordi du får ein aktiv kvardag med mykje fysisk aktivitet kombinert med fellesfag og idrettsfaglege teorifag. Idrettsfag er eit treårig skuletilbod som gjev deg generell studiekompetanse slik at du kan studere på høgskule eller universitet.
Er du interessert i idrett, eller ønskjer å skaffe deg god kunnskap om anatomi, helse eller leiarerfaring, er idrettslinja midt i blinken for deg.
Les andre elevar sine erfaringar med faga, inntakskrav, fag- og timefordeling på vilbli.no