Hopp til hovedinnhold

Innføringskurs for minoritetsspråklege

Flora vgs

Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.

 

Tilbodet Innføringskurs er for minoritetsspråklege søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje opplæringa i eit ordinært utdanningsprogram.

Les meir om kor gode norskkunnskapar du bør ha

Kvifor ta innføringskurset?

Her får du som elev opplæring som skal førebu deg på innhald og nivået på første året i vidaregåande skule (Vg1). Det blir lagt stor vekt på å styrkje kompetansen i norsk gjennom alle fag.

Innføringstilbodet skal gjere det enklare for deg å følgje opplæringa i Vg1, og det vil passe både for deg som har planar om å starte på ei studieførebuande og for deg som ønskjer å gå på ei yrkesfagleg utdanning, året etter.

Elevar som går i innføringstilbodet, har fulle rettar etter opplæringslova, og kan søkje om plass på Vg1 neste år på lik linje med andre elevar.

Faga i innføringsklassen er:

  • Norsk
  • Engelsk
  • Samfunnsfag
  • Naturfag
  • Matematikk
  • Kroppsøving

Dersom du har tilstrekkelege språkkunnskapar, kan du i løpet av skuleåret få hospitere i andre klasser ved skulen i nokre fag.

Du må kunne dokumentere grunnskuleeksamen frå heimlandet eller Noreg for å kunne søkje om plass. Det er inntak til klassen gjennom heile skuleåret.