Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Kvifor velje studiespesialisering...
Fordi det gjev deg eit solid grunnlag for å studere vidare ved høgskule eller universitet, både i Noreg og i utlandet. På Flora vgs. ynskjer vi å førebu deg best mogleg for vidare studium gjennom fokus på læring, inspirasjon og trivsel.
Utdanningsprogram for studiespesialisering passar godt for deg som trivst med teoretiske fag som norsk, framandspråk, samfunnsfag, økonomi og/eller realfag. Dei som vel studiespesialiserande har som regel planar om vidare utdanning.
Skulen har to parallellklassar med 25 elevar i kvar klasse. I vg1 har du berre fellesfag (obligatoriske fag). I vg2 og vg3 vel du halvparten av timane dine sjølv. Du vel minst tre programfag kvart år. To fag må vere innan programområdet for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi, og desse faga skal du ha i to år. Som valfritt programfag kan du også velje idrettsfag.
Saman med dei øvrige vg3 klassane, idrett- og påbygg, er du ein del av eit stort avgangskull.
Les andre elevar sine erfaringar med faga, inntakskrav, fag- og timefordeling på vilbli.no