Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje teknologi og industrifag (TIF)...
Fordi du får ei teknisk grunnutdanning med mykje variert praktisk arbeid som etterspørrast i mange bransjer. Noreg er verdsleiande innan skipsfart, fiske og fleire andre industriar. Olje og gass skal vi også leve av i fleire tiår inn i framtida. Noreg treng kreative og kompetente fagarbeidarar og Flora vgs. er klare for å sette deg inn i denne spanande verda av industri og teknologi.
På vg1 har vi tre klassar med 12 elevar i kvar klasse, og på vg2 har vi to klassar med 12 elevar. Etter vg1 kan du velje å gå vidare innan nesten 60 ulike fagbrev, på Flora vgs tilbyr vi vg2 industriteknologi.
Florø er industrihovudstaden i fylket og det er derfor lokalt eit stort behov for faglært arbeidskraft. Skulen har erfarne lærarar og vi har eit tett samarbeid med næringslivet.
TIF (teknologi- og industrifag) har tre verkstader kor elevane kan skru, mekke, sveise og dreie. Skulen har erfarne lærarar og dette gjer elevane godt budde til å møte næringslivet og store moglegheiter for å vise seg fram til ein potensiell arbeidsgjevar.
Les andre elevar sine erfaringar med faga, inntakskrav, fag- og timefordeling på vilbli.no